a to juz wina twojego internetu albo cenzura na forum
idporten.difi.no/opensso/UI/Login?realm=/norge.no&spEntityID=sp.altinn.no&service=IDPortenLevel3List&goto=http%3A%2F%2Fidporten.difi.no%2Fopensso%2FSSORedirect%2FmetaAlias%2Fnorge.no%2Fidp2%3FReqID%3D63556264961271084531700
Har du flytta innan Noreg, må du melde frå til skattekontoret innan åtte dagar etter at du flytta.
Lever elektronisk via Altinn
Melding om flytting innanlands
Dersom familien flyttar samla, kan du melde flytting for ektefelle, sambuar, partnar og barn under 18 år i same melding.
Dersom du skal flytte ut frå det som er ein felles heim med barn, må du opplyse kor ofte du besøkjer barnet på adressa du flyttar frå, og du må dokumentere varig busetjing på den nye adressa. Dette gjer du ved å sende kopi av skøyte, kjøps- eller leigekontrakt for den nye bustaden saman med flyttemeldinga di. I slike tilfelle må du nytte flyttemelding på papir, som du finn nedst på denne sida.
Handsamingstid
Handsamingstida er vanlegvis 1 veke. Du får eit brev frå oss når vi har registrert den nye, folkeregistrerte adressa di. Hugs å merke postkassen din med namn.
NB! Folkeregisteret gir ikkje melding til Posten om den nye, folkeregistrerte adressa di. Du må sjølv melde adresseendring til Posten.
Flyttemelding på papir
Du kan òg sende oss flyttemeldinga på papir, men då må du hugse å leggje ved kopi av gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er ID-kort som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilete. Du bør likevel ikkje sende oss kopi av bankkortet ditt, fordi det inneheld sensitiv informasjon.
Send skjemaet til kva for helst skattekontor.
Last ned, skriv ut og send til oss i posten
Melding om flytting innanlands RF-1400N (PDF)
a tak ciezko wpisac samemu adres skata i otworzyc zakladke Foleregister potem flytte a potem flyte i noreg